Kviteseidmarken

Kviteseidmarken blir arrangert i Kviteseidbyen kvart år i midten av februar. Det er mange kulturelle innslag, markensbodar og mykje folkeliv som alltid på Kviteseidmarken.

Kviteseidmarken 2026

Kviteseidmarken blir den 6. og 7. februar

Kviteseidmarken vert arrangert i Kviteseidbyen kvart år i midten av februar.
I år skal vi arrangere ishockeycup og hundespann på isen. Det vert markensbodar - både inne og ute, gode tilbod i butikkane og barnedisco ute i Kviteseidbyen på fredag. På Sundvang blir det bygdekveld med Kviteseid Mållag på fredag og bygdefest med Ole Rønning Duo og Oliver Berntsen på laurdag.
Med andre ord, ei super markenshelg. Programmet ser slik ut foreløbig. Kan kome meir til.

Her er program på KVITESEIDMARKEN 2026:


Fredag 6. Februar
10.00 - 18.00: Forretningane og nokre av bodane har ope.
11.00 - 13.00: Fiskedag på isen ved Kviteseid Jeger og fiskeforening.
13.00 - BliMed dansen med skuleelevar frå Kviteseid Skule.
17.30 -19.00 Barnedisko på isen med fyrverkeri.
19.00: Kviteseid Mållag med tradisjonell bygdekveld på Sundvang.


Laurdag 7. Februar
10.00 - 16.00: Forretningane og bodane har ope.
10.00-16.00: Kunstutsilling på Balanzera med Bergit Husstøyl frå Fyresdal.
11.00: Aktivitet og bålpannekos ved isen.
12.00: Høgtlesing for born på Kviteseid Bok og Papir.
12.00-14.30: Fiskedam på Kviteseid Bok og papir.
13.00: Barneteater på Kviteseid Bibliotek.
14.00: Lågterskel Ishockey-cup for born og vaksne, 4 stk. pr. lag. Meld på laget ditt:post@kviteseidbyen.no
14.30-15.15: Trubaduren Oliver spelar på Hansen
20.00: Bygdefest på Sundvang med Olivers Berntzen og Ole Rønning Duo.
(18 år leg. plikt).

Arrangør: Kviteseid Næringslag.
Medarrangørar:
Sundvang Kulturhus, Kviteseid FRAM, Kviteseid JFF, Kulturhuset Sundvang, Kviteseid skule, Kviteseid Frivilligsentral.

🏒 Lågterskel ishockey-cup
for born og vaksne

Under Kviteseidmarken inviterar vi til ein uhøgtideleg ishockey-cup der alle kan vere med, uansett alder og nivå! Viss det er nok påmeldte lag innan onsdag 4.februar riggar vi til banen med mål, musikk og kommentator -og er klare for å lage litt god stemning på isen.

Vi tenkjer:

* 4 mot 4 spelarar på banen
* Fokus på moro, samspel og bevegelse
* Mild takling - stor speleglede!

Stad: Isen på Sundkilen, Kviteseidbyen
Tid: Laurdag 7. februar kl. 12.00

Påmelding:
Send e-post til post@kviteseidbyen.no
Påmeldingsfrist: Onsdag 4. februar

Ta med skøyter, hjelm, hockeykølle og godt humør!
Dette blir moro for både store og små 🏒
❄️✨

Bygdefest på Sundvang

Velkomen til Bygdefest på Sundvang!
Det blir fest på lokalet under årets Kviteseidmarken.
🌟Olivers Berntzen🌟
🌟Ole Rønning Duo🌟
Spilar opp til fest, her blir det full trøkk og mykje moro🎸🤠

Dørene åpnar kl 20.00
c.c 250/ 18 år leg.plikt.

-Billettar kan kjøpas på forhånd om ønskeleg.
Vipps til #964401
Merkast med navn.

Kviteseidmarken blir arrangert i Kviteseidbyen kvart år i midten av februar. Det er mange kulturelle innslag, markensbodar og mykje folkeliv som alltid på Kviteseidmarken.

Kart over Kviteseid Vis guide