Kviteseidbyen

– der folk trivs

Kart over Kviteseid Vis guide
  • Victoriafestivalen Kviteseid

    Velkomen til sommarens høgdepunkt i Kviteseid! For 42. gong fyllast sentrum med liv, latter og gode opplevingar for både små og store. Det blir konsertar, konkurransar, aktivitetar, marknadsbodar, god mat og ekte markenstemning – alt i vakre omgjevnadar ved Telemarkskanalen. Festivalen er ein hyllest til den stolte kanaldronninga M/S Victoria, og har sine røter tilbake til 1983. Les meir …

  • Kviteseidmarken

    Kviteseidmarken blir arrangert i Kviteseidbyen kvart år i midten av februar. Det er alltid kulturelle innslag, markensbodar og mykje folkeliv på Kviteseidmarken. Les meir …

  • Påskemoro i Kviteseidbyen - påskeeftan 4. april.

    Velkomen til ein innhaldsrik og stemningsfull påskeftan i Kviteseidbyen! Laurdag 4. april inviterer vi små og store til ein dag fylt med aktivitetar, gode opplevingar og ekte påskestemning i sentrum. Butikkane opnar frå kl. 10.00 med mange gode tilbod, og gjennom dagen blir det arrangert ei rekke aktivitetar for heile familien. Her kan barna bli med på påskerebus, leite etter påskeegg i sentrum og få ansiktsmåling, medan dei vaksne kan nyte god mat, handle lokalt og ta del i det gode bylivet. Kviteseid Brygge held ope og serverer mat gjennom dagen, og det blir også mogleg å kose seg med pizzabuffé på ettermiddagen. For dei minste blir det familieshow på biblioteket, og utover kvelden kan du bli med på påskenøttar og sosialt samvær, -før dagen rundast av med påskeparty. Gjennom heile dagen skjer det noko i sentrum, og vi håpar du tek turen, enten du vil vere med på aktivitetar, møte kjende eller berre nyte stemninga. Sjå fullt program i vedlagt oversikt. Vi gler oss til å sjå deg i Kviteseidbyen. Velkomen til ein dag fylt med liv, glede og påskestemning. Les meir …