Kviteseid Næringslag

Kontaktinfo

Kviteseid Næringslag
Postboks 26, 3836 Kviteseid
post@kviteseidbyen.no
Org. nr. 894 826 592
bankkonto: 2660.20.37893
Vipps: 94070

Styret

Hans Kristian Aabø leiar
Gunnar Ruud
Trond Brekke
Elisabeth Haugo
Aud Strømstad

Våre arrangementer

Kviteseidmarken, 2. hega i februar
Victoriafestivalen, i midten av juni
Tenning av Joletre i Kviteseidbyen, fredag før første dag i advent.

Gåvekort

Kviteseid Næringslag har ei ordning med gåvekort. Dei kan nyttast i butikkane i Kviteseidbyen.
Gåvekorta vert selde hjå Gullsmed Aabø.
Gåvekorta er gyldige i 5 år frå dato.

Utleige telt

Me har desse telta for utleige:
Militærtelt på 6,0x3,9 meter kr 300,- (2 stk)
Rammetelt 5,0x4,0 meter kr 300,-
Rammetelt 5,0x8,0 meter kr 600,-
Rammetelt 6,0x12,0 meter kr 1.100,-
Alle prisar for ei helg.

Skadar medfører erstatningsansvar. Våte teltdukar må tørkast.

Ynskjer fleire å låne telt samstundes vert det avgjord ved loddtrekning 2 mnd før bruksdato.
Lånetakar må hente og levere utstyr sjølve.
Telta er lagra i garasjen ved Kviteseid Vekst. Nykkel har Hans Kristian Aabø tlf. 97 18 21 15.

Utleige lydanlegg

Kviteseid Idrettslag og Kviteseid Nærngslag har eit lydanlegg for utleige. Det er eit monoanlegg for utandørs bruk på 240W. 4 kanalar.
Leigepris kr 500,- pr dag.
Ta kontakt med Hans Kristian Aabø tlf. 97 18 21 15.

Medlemskap

Alle verksemder i Kviteseid kommune er hjartleg velkomne som medlemmer.
Kontigent kr 50,- + kr 1500,- i serviceavgift.

Heimeside

Denne heimesida viser verksemder i Kviteseidbyen. Kviteseidbyen er kallenamnet på Kviteseid sentrum.
Me har ynskjer å få med alle verksemder i Kviteseidbyen.
Web. redaktør Trond Brekke

Historie

Kviteseid Næringslag vart stifta i 1971 under namnet Kviteseid Handel og Handverkslag.

Vedtekter

Vedtekter for KVITESEID NÆRINGSLAG
Revidert 23.01.99, 28.04.11 og 07.05.13.

§1: Namn
Laget sitt namn er Kviteseid Næringslag.

§2: Føremål
Laget sitt føremål er å arbeide for fellesinteressene til næringslivet i Kviteseid, t.d. ta hand om næringspolitiske saker, skape nettverk og møteforum, gje uttaler på vegne av medlemmene m.v. Laget har ikkje økonomisk vinning som føremål.

§3: Medlemskap
Alle næringsdrivande tilhøyrande i Kviteseid kommune kan vera medlem av laget. Oppseiing av medlemskap skal skje skriftleg.

§4: Årsmøte
Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av januar og gjerast kjent minst 14 dagar i førevegen ved innkalling til kvart medlem.
På årsmøtet skal desse sakene handsamast:
1. Årsmelding frå styret for siste år.
2. Revidert rekneskap for siste år.
3. Budsjett for komande år.
4. Val av:
a) Styremedlemmer for to år.
b) Leiar for eitt år
c) Varamedlemmer for eitt år.
d) Revisor for eitt år.
e) Leiar og medlemmer av valkomiteen for to år.
5. Kontingent
6. Evt. spørsmål om endring av laget sine vedtekter.
7. Andre saker som minst eitt medlem har meldt inn til styret innan gjeldande frist.
8. Andre saker som styret ynskjer handsama.

§5: Medlemsmøte
Medlemsmøtet vert halde så ofte styret finn det føremålstenleg. Innkalling på den måte styret finn mest føremålstenleg.
Saker som er særleg viktige bør leggast fram for eit medlemsmøte dersom dette er praktisk mogleg.

§6: Styret
Laget vert leia av eit styre som består av leiar og 2-4 styremedlemer. Nestleiar og andre funksjonar vert valt innan styret. Styret skal ha to styremedlemmer i nummerrekkefylje. Fyrste varamedlem møter fast på styremøta. Styret er vedtaksført når minst tre medlemmer møter. Sakene vert avgjort med alminneleg fleirtal. Ved stemmelikhet har leiar dobbeltrøyst.
Styreleiar teiknar på vegne av laget.
Styremøte vert halde så ofte leiaren eller minst eitt av styret sine medlemmer ynskjer det.

§7: Valkomiteen
Valkomiteen er samansett av to medlemmer. På kvart ordinært årsmøte skal ein av medlemmene i valkomiteen velgast. Valkomiteen skal i god tid før årsmøtet sende inn til styret forslag på kandidatar til dei verv som skal veljast.

§8: Møtereferat
Det skal førast referat frå årsmøte, medlemsmøte og styremøte. Referatet skal godkjennast av det aktuelle organet, og underteiknast av dei røysteføre frammøtte eller nokon som er valde til å skrive under.

§9: Ekstraordinært årsmøte
Styret har høve til å kalle inn til ekstraordinært årsmøte. Dersom minst ein tredjepart av medlemmene i laget krev det, skal ekstraordinært årsmøte haldast.
Møtet skal gjerast kjent for medlemmene minst 14 dagar i førevegen.
Eit ekstraordinært årsmøte skal berre handsame den eller dei saker som står på innkallinga.

§10: Oppløysing av laget
For å oppløyse laget må to årsmøte etter kvarandre med minst 2/3-dels fleirtal vedta oppløysing. Medlemmene har ikkje krav på tilbakebetaling av kontingent eller evt andre innskot til laget ved oppløysing.
Evt. midlar i laget ved oppløysing skal gå til eit eller fleire allmennyttige føremål i Kviteseid. Årsmøtet som gjer endeleg oppløysingsvedtak, vedtek også bruken av midlane.

Eigarskap interesser

Kviteseid Næringslag er medeigar i desse verksemdene:
Skien Dalen Skipsselskap as
Telemark Næringshage as

Laget sitt føremål er å arbeide for fellesinteressene til næringslivet i Kviteseid, t.d. ta hand om næringspolitiske saker, skape nettverk og møteforum, gje uttaler på vegne av medlemmene m.m.

Kart over Kviteseid Vis guide