Søndag 10. juni 2018

Fottur til Raudbergnuten

Stad: Bilteknikk Kviteseid AS (Cloumannvegen)

Arrangerast av Kviteseid Turlag

Følg arrangementet på Facebook …

Den 10. juni arrangerer Kviteseid Turlag tur til Raudbergnuten, dersom vegen er kjørbar. Oppmøte er i Prestegardshavni, ved Kviteseid Bilteknikk kl 10.00. Vi køyrar samla herfrå og oppover til Breidalsheia. Ved Breidalen er det ein bom som vi må gjennom. Frå bommen ved Breidalen køyrar vi ca 6m innover på grusveg. Om vinteren er det fine skiløyper her. Vi køyrer inn i Tokke kommune, og fram til Skosletjønn. Det ligg på ca 630m oh. Vi vil fylgje turveg nr 16 som står i boka «På tur i Kviteseid». Det er traktorveg innover eit stykke frå Skosletjønn, før det begynner å stige noko meir. Oppe på rundt 900m går vi forbi ei nedlagt gruve. Da vi kjem opp på toppen av Raudbergnuten som er på 950m oh, så har vi god utsikt til Gaustadtoppen , Brokefjell og fjella på Haukelid. Vi ser også ned til Spjotsoddd-brua. På toppen er det laga ein varde, og det er bok kor ein kan skrive navnet sitt i. På toppen av Raudbergnuten går kommunegrensa mellom Kviteseid og Tokke kommune. Sjå vedlagte bilde frå toppen. Her tek vi ei rastepause. Inger Moen frå Dalane i Kviteseid, som gjeng mykkje opp til Raudbergnuten har skreve eit dikt om denne nuten. Har vore her før – og eg kjem her på ny sjølv om vegen til Raudbergnuten, meir blir meg til bry enn før – når eg gjekk hit med lettare steg kjenner eg nå meir i leddi det gneg. Her oppe – med utsyn over fjell og vidder eg vert meg sjølv – det er derfor eg gidder! Vi kan gå ein anna veg ned frå Raudbergnuten. På enn stad har vi god utsikt ned i Bandak og vi kan sjå inn til Bandaksli brygge. Det er ca 500m ned her Går vi noko lenger, kjem vi fram til Neverdalen, og etter dette kjem vi fram til Flekstveit. Det er på nedre Flekstveit det er bygning nå. Ei hytte er kome opp på øvre Flekstveit. I gamal tid var dette den største garden i Vest Telemark. Fyrste gongen ein høyrer om Flekstveit er i 1386. Det var eit gjestehus her på 1500 talet. Stien mellom Kviteseid og Lårdal gjekk forbi Flekstveit. Det var registrert 43 personar på Flekstveit i folketellinga i 1801. På begynnelse av 1800 talet røyk det fra ca 20 piper på Flekstveit. Flekstveitstoga og loftet står i dag på Kviteseid Bygdetun. Frå Flekstveit fylgjer vi ein tømmerveg , og vi går også forbi ein gamal nedlagt plass, kor det berre er murane att. Framme ved Skosletjønn køyrer vi tilbake til VTB. Turen tek ca 5-6 timer. Vel møtt!