Storflaumen i 1927

Vatnet steig i eit voldsomt tempo! Ein heil meter på eit døgn på det verste.

Vassdraget skulle også koma til å gje innbyggarane i den nye byen tett ved Kyrkjebø-brygga ubehagelege opplevingar. Flaumane både før hundreårsskiftet og langt inn i vårt århundre kunne verta nokså voldsomme. Den fyrste og kanskje verste flaumen kom i 1897. Mai månad kom med full sommarvarme dette året, og snosmeltinga skjedde i rekordfart. Sundkilen steig og steig. I slutten av månaden stod vatnet midt oppe på den nybygde pakkbua på brygga. Varer og utstyr måtte flyttast oppover i byen.

Flaumvatn foran Bakar Jacobsen
Båtane vart fortøyd foran Bakar Jacobsen (Kviteseid historielag)

Hjå kjøpmann Sørensen fiska folk mellom dei blømande frukttrea. Trafikken i slusene stoppa heilt opp. Berre to damparar var att på oppsida, og då den eine av desse gjekk sund, var det berre att den vesle sleparen 'Kråka' til å ta seg av post- og passasjertrafikken. For hotelleigarane i byen vart det ein elendig sesong. Ikkje ein einaste turist kom til byen på mange veker. Fyrst midtsommars dukka det opp ein hollender saman med sine to døtre. Så dukka turistane etter kvart opp att og spesielt mykje engelskmenn kom dette året. Byen kunne puste letta ut etter fleire vekers isolasjon.

Provisorisk bru bort til Torp Hansen-bygget
Båtar og pallar danna ei provisorisk bru over til Torp Hansen-bygget (Kviteseid historielag)

Ein liknande flaum kom i 1927. Vatnet steig i voldsomt tempo, ein heil meter på eit døgn på det verste. Også no stod bryggehusa halvvegs under vatn. Hjå Torp Hansen stod vatnet heilt oppunder golvplankane i butikken og folk la i land med pråmane sine ved bakeriutsalet til Jacobsen. Folk rodde i gatene og fiska i hagane. Likevel vart ikkje byen isolert på same måten denne gongen som under flaumen i 1897.

Dette visar i kva retning utviklinga gjekk for Kviteseidbyen. Kanalen fekk etter kvart mindre betydning for staden. Lastebåtane frakta endå i mange år gods til og frå Kviteseid Brygga. Men passasjertrafikken minka.

Flaumen sett frå brygga
Flaumen sett frå brygga innover mot byen (Kviteseid historielag)

Opp gjennom åra har det vore fleire flaumar i Kviteseid og Bandakvassdraget.

Den fyrste og kanskje verste flaumen kom i 1897. Mai månad kom med full sommarvarme dette året, og snosmeltinga skjedde i rekordfart.

På 1950-talet var det også flaum fleire år.

Gateparti frå Kviteseid
Gateparti frå Kviteseid (Kviteseid historielag)