Erik Werenskiold

Erik Werenskiold hadde lange opphald i Kviteseid, og fleire av hans mest kjente måleri og teikningar har motiv herfrå.

Werenskiold kom fyrste gong til Kviteseidbyen våren 1892. Han hadde skaffa husrom for seg og familien hjå sakførar Christoffersen på Kyrkjebøen. Werenskiold hadde høyrt det skulle vera så vakkert i Kviteseid. Han vona å finne det urørte, norske landskap her.

Fyrste møte med Kviteseid

Til Kviteseid kom han saman med ein målarkolega, og det fyrste møtet med bygda vart nærast eit antiklimaks. Fyrsteinntrykket var at nokon verre stad å vera målar hadde dei ikkje vore. Kollegaen drog straks frå bygda, mens Werenskiold kom til å bli verande. Han såg likevel den fyrste sommaren i Kviteseidbyen som heilt bortkasta. Veret i Kviteseid denne våren og sommaren var svært kaldt og blåsut, og han vart ille plaga av revmatisme og hovudpine. Han tok stadig gytjebad, og bruka lang tid kvar morgon for å mjuke seg opp. Varer han tinga frå byen kom sjeldan fram i rett tid. Ein rull med lerret tinga i Skien måtte han vente i vekevis på.

Sommeraften i Kviteseid (Erik Werenskiold, 1893)
"Sommeraften i Kviteseid", Erik Werenskiold 1893 (Nasjonalmuseet)

Utover hausten betra helsa og humøret seg. Han oppdaga fleire interessante modellar, han teikna mykje og byrja på nokre landskapsmåleri. Før han drog frå Kviteseid midt i september hadde han bestemt seg for å koma attende året etter.

Tilbake året etter

Våren etter var han tilbake, og 1893 skulle bli året Werenskiold verkeleg knytte seg til Kviteseid, og vart den fremste blandt alle "Kviteseid-målarane". Han var svært produktiv denne sommaren, og sa sjølv at han fekk gjort dobbelt så mykje som han normalt bruka å få gjort. Han skaffa seg pråm dette året, han rodde mykje på Sundkilen, og oppdaga fleire motiv som skulle koma til å oppta han i mange år framover. Han gjorde mellom anna ei stor teikning av nokre trytefiskarar som låg på lensa og fiska. Året etter fekk han ferdig eit måleri med same motiv. Dette selde han til stortingsmann Gunnar Knudsen som vitja Kviteseid då.

Werenskiold var ikkje kjent for å vera blandt dei kunstnarane som arbeidde raskast. Utover hausten 1893 arbeidde han med fleire måleri som han vona å få ferdig før han måtte ut av husveret i slutten av september. I eit brev fortel han korleis omstenda gjorde at han fekk nokre ekstra arbeidsdagar i bygda: "Egentlig skulle vi reist i morgen tidlig, og det meste er pakket. Christoffersens skulle flyttet inn i leiligheten med det samme vi flyttet ut. Men så fikk fru Christoffersen en liten gutt i dag formiddag, og da kan de ikke, så blir vi nogle dage, hvorved jeg sparer meg at reise hit igjen for at male den gutten som ikke er ferdig på det billedet."

"Landskap med to smågutter, Kviteseid", Erik Werenskiold, ikkje datert (Nasjonalmuseet)

Guten han då heldt på å måle var han som leier hesten etter luggen nede ved strånda på eigedomen Lunden rett ved Kviteseid bryggje.

Ferdig vart han likevel ikkje, så måleriet vart fullført då han var attende i Kviteseid sommaren 1894.

Tømmerfløtinga

Sommaren 1895 var veret så umaugeleg at ingen av landskapsmålarane fekk gjort noko særleg. Heller ikkje Werenskiold. Han bruka mesteparten av sine to månader i Kviteseid til å studere tømmertrafikken. Han følte etterkvart at han kjente emnet godt, han fant utallige motiv og var svært opptatt av dei voldsomme stillingane, krafta og motsetnadene innan temaet. Eit stort måleri han byrja på dette året fant han ut han berre måtte kassere, eit anna fullførte han, og dette sendte han til ein russer i St. Petersburg som ville ha eit bilete av han.

"Lensekara", Erik Werenskiold 1938 (Nasjonalmuseet)

Kvar haust kom han til å ha ståande halvferdige måleri i Kviteseidbyen og våren etter var han attende og arbeidde vidare på dei. Dette var nettopp i den tida utbygginga i Kviteseid-byen gjekk raskast, og motiva hans endra seg av og til drastisk innan han rakk å fullføre måleria. Sommaren i Kviteseid 1896 vart såleis ein stor skuffelse for han. Han rekna landsbyen som heilt øydelagt då han fekk sjå alt som hadde skjedd sidan han reiste frå byen året før. På brygga hadde det kome ny pakkbod, nytt meieri var bygd og mykje av vegetasjonen og buskane i byen var fjerna. Ei rad med tre som hadde stått langsetter stråndi var hogne. Eit motiv som han hadde starta på året før var så og seia forsvunne. Så trist synest han dette var, at han ingenting fekk gjort. Han braut over tvert, og reiste frå byen.

I mai 1897 freista han å fullføre eit måleri han hadde hatt ståande. Med full sommarvarme og ein natur som endra seg frå dag til dag, følte han at han kappmåla med naturen. Han lova seg sjølv, at vart han ferdig med måleriet denne våren, så ville han ta farvel med Kviteseid for alltid, og søke seg nye jaktmarker, som han sa. Han måtte imidlertid gje tapt for naturen i den sterke varmen, og måleriet vart ikkje ferdig.

Fleire sumarar i Kviteseid

Og tilbake til Kviteseid skulle han koma fleire gonger.

Werenskiold skildra stemninga i Kviteseid-byen ein 17. mai midt på 1890-talet på denne måten: "Det er et rigtig strålende 17de mai veir i dag, småungene flyr med gamle filler av plag, og en skipper som dundrer og skyder hele dagen, så ekkoet ruller bortmellom fjeldene. Her er hårdt og skarpt , med utallige fjeldheier op mot himelen, på de øvre fjelde ligger sneen dyp. Det er såvidt det har begynt at sprette. Stor moro er det egentlig ikke i dette hul."

Sommaren 1897 hadde Werenskiold selskap med fleire andre målarar i Kviteseid. Både Stadskleiv, Egedius, Erichsen og Thorne var her. Dei var særskildt opptekne av frodigheten som fylgde av flaumen og sommarvarmen denne sommaren. I eit brev frå Kviteseid på denne tida skriv Werenskiold: " Vi er 5 malere her... så Kviteseid skal blive ordentlig gjennomarbeidet, kan du tro, der skal ikke blive sten tilbage på sten som ikke blir malt."

Og slik kan ein sei det gjekk. Utallige er dei motiv desse kunstnarane, med Werenskiold i spissen, festa til lerretet.

Erik Werenskiold: To gutter ved vannkanten, Kviteseid 1894
"To gutter ved vannkanten, Kviteseid", Erik Werenskiold 1894
Erik Werenskiold, selvportrett 1901 (Nasjonalmuseet)
Erik Werenskiold (1855 - 1938) (Nasjonalmuseet)

W. hørte til en gammel embetsmanns- og offisersfamilie som ble adlet på 1700-tallet og var store godseiere. W.s far var kommandant på Kongsvinger "evacuerede" festning fra 1859, og her tilbrakte sønnen barneårene til han høsten 1869 ble sendt til hovedstaden for å ta artium (1872, anneneksamen 1873). Samtidig var lysten til å tegne og male blitt stadig sterkere.

Les meir om Werenskiold i Store norske leksikon