Tilbake til hovedsida
Fakta om Kviteseidbyen
Administrasjonssenteret Kviteseidbyen
Handels/servicesenteret Kviteseidbyen
Reiseliv
Lokalhistorie Kviteseidbyen
Kultur / oppleving / aktivitetskalender
Kviteseidmarken
Arkitektur i Kviteseidbyen
Heimesider - næringslivet
Tilbud i Kviteseidbyen
Rutetider
Lenker

Arkitekturen i Kviteseidbyen

 

 

Det er utarbeidd ein byggeskikksrettleiar for Kviteseidbyen. Rettleiaren er laga av arkitektane Brita Lodberg-Holm og Olav Skjeldal i samband med utviklingsarbeidet som starta i Kviteseidbyen midt på 1990-talet.

 

Beskrivinga av byen som fylgjer under, er henta frå  denne rettleiaren. Teksten inneheld ein del forslag og tips som vart gjennomført etterkvart som opprustingsarbeidet i byen skreid fram.

 

 

 

 

 

 

 

Særdrag ved «byen»

Bygningsmassa i Kviteseidbyen er prega av hus frå fleire tidsepokar. Dei har varierande storleik, er bygd av mur eller tre og utforma innan ulike stilartar. Husa sitt tilhøve til gateløpet og til kvarandre varierer noko. Vi kan seie at det

grovt sett finst tre ulike, dominerande bygningsstrukrurar i sentrum:

Bygningsmassa mellom Kviteseidgata og Lunden

Bygningsmassa på nordsida av Garverivegen og vestsida av Kviteseidgata

Bygningsmiljøet på det nye området (Mylletorget)

 

Mellom Kviteseidgata og Lunden

I dette området finn vi ein tett og blanda bygnings­struktur med mange eldre hus. Ein god del av byg­ningane er komne til etter brannen i 1911, men som­me er også eldre. Bygningsstrukturane er frå ei tid då gardsrom og uthus var viktige for liv og verksemd i Kviteseid. Folk hadde hest, heldt husdyr og skaffa seg utkome ved hjelp av små handverksbedrifter i bak­garden.

Det er viktig å ta vare på den gamle, tette byg­ningsstrukruren, gardsromma og uthusa. Bakgards­miljøet er ein sentral del av fortida til staden og for­tel mykje om det opprinnelege livsgrunnlaget.

Lengre mot aust ligg eigedomen Lunden som vender seg mot Sundkilen og har ein flott hage som strekkjer seg heilt ned til varnet. Også denne hagen er ein del av det opphavelege Kviteseid.

 

Kviteseidgata og Garverivegen

Fleire av bygningane i dette området blei oppført rett etter brannen i 1911. Her finn vi murhus og trehus, mange i jugendstil. Dei aller fleste bygningane ligg tett opp til gata og vender seg mot gateløpet. Husa er stort sett i to høgder med foretning i fyrste og bustad i andre høgda.

Ein del av dei eldre husa er bygde om. Dette har ført til at nokre av dei har mista ein del av særpreget og karakteren. Vi finn også hus i funksjonalistisk stil frå 1950- og 60-talet som vender seg mot gateløpet.

Dei gamle bygningane langs gateløpa bør om mogleg få att den utsjånaden dei ein gong hadde. Då vil Garverivegen og Kviteseidgata bli to flotte, historis­ke gateløp som utgjer kjerna i hele tettstaden.

 

Området frå brygga til Mylletorget

Området blei utbygt på 1980-talet i ei oppgangstid då handelsstand og næringsliv i stor grad satsa på nyetablering. Bygningsvoluma er store med enkelte oppbygg og tilbygg, men dei fleste forretnings-bygga er nøkterne saltaksbygg av trematerialar, enkle i for­ma og med referansar til tradisjonelle byggestilar. Næringsbygga har stort sett overbygde inngangar vendt mot ein plass eller stikkveg.

Apotekbygget skil seg ut i samanhengen, både av di det er bygt av teglstein og har mindre, meir høgreiste volum med brattare takvinkel. Dette er eit kvalitetsbygg med referanse til den gamle bygnings­massa i Kviteseid.

Området er stort og utflytande og manglar i stor grad definerte plassar, parkeringsområde og gateløp.

 

Bryggeområdet

Kviteseid brygge er eit landemerke for tettstaden. Brygga ligg monumentalt plassert på ei steinsetting litt ut i vatnet. To små bygningsvolum står side om side på brygga. Brygga og bryggehusa utgjer eit ver­neverdig område og er ein del av bygningsmiljøet langs Telemarkskanalen. Sambandet med vatnet er ein flott kvalitet ved Kviteseid sentrum og eit stort potensial for den vidare utviklinga av staden.

Den nye gjestebrygga er kledd med trebord ut mot vatnet. Frå sjøen opplever ein brygga som ei lang, horisonallinje som ein med fordel kan bryte med nokre mindre utløparar ut i vatnet.

 

Byggeskikk og stilartar

Ulike stilartar har dominert norsk byggeskikk gjennom tidene. Førebilete frå utanlandske byggestilar har kome til landet, og forfedrane våre integrerte desse impulsane i den lokale byggeskikken.

 

Sveitserstil (1850-1920)

Sveitserstilen blei ein landleg byggestil som høvde godt inn i frodige eplehagar, norsk natur og folkeleg smak. Stilen hadde romantiske føredøme med vakre lauvsagdetaljar i tre, glasverandaer, høge vindaugo, store takutspring og synlege konstruksjonar, ofte framheva med kontrastfargar. Rundt 1890 oppstod dragestilen som var ein variant av sveitserstilen. Dra- gestilen var inspirert av norrøne motiv som dragehovud og anna frå vikingtida. Husveggene var anten panelt eller bygd av synleg laftetømmer.

Gamle fotografi syner at før brannen i 1911 var det mange hus i sveitserstil i Kviteseidbyen. Framleis finn ein fleire døme på denne byggestilen.

 

Jugend (1890-1920)

Jugendstilen hadde ofte vakker utsmykking, særleg rundt inngang og vindaugo. Dekoren var ofte slyng­ande linjer med blomemotiv. Oppdeling av vindau­go med dei øvre rutene i mange små og dei nedre i få og store felt er typisk for jugendstilen. Taka blei ofte knekte og dregne ned over andre høgda på langfasa­dane og med halvvalm på gavlane. Denne byggesti­len er utbreidd i Kviteseidbyen fordi mange nye hus blei bygde i tida rett etter brannen, altså mot slutten av jugendperioden. Jugendstilen høver like godt for murhus som trehus, og ein finn døme på båe slag materialar i Kviteseidbyen.

 

Funksjonalismen

Ny teknologi, nye materialar og byggemåtar førte med seg ein ny stilart basert på den funksjonen byg­get skulle ha. At form skulle fylgje funksjon, blei eit viktig motto i dene perioden. All dekor forsvann frå fasadar og interiør. Dei funksjonalistiske husa fekk enkle, reine former og flate eller valma tak med svært liten takvinkel. Husa blei bygde i pussa mur eller rei­sverk med presist, gjerne liggjande panel. Vindaugs­opningane blei store utan sprosser, men ofte med midtpost. Byggestilen vart framleis vanleg etter 2.verdskrigen, men i endå enklare variantar. Pussa murhus av lettbetongblokkar blei det vanlege. 50- og 60-tallets rasjonelle bygg finn ein mange av i sentrum av Kviteseid.

 

Nyare byggestil

På 1980-talet kom det til eit oppgjer med den rasjo­nelle eller «moderne» byggestilen som var vanleg i mest alle byar og tettstader i Noreg. Byggeskikkde­batten fekk klart fram m.a. korleis flate tak og kasse­forma volum braut med tradisjonell norsk bygges­kikk. Dermed fekk husa på nytt saltak som høver best i norsk klima. Oppruta vindaugo blei ført inn att, og trematerialar erstatta den pussa muren. Detal­jane blei enkle kopiar av gamalt, godt handverk som også tilfredsstillar dagens rasjonelle byggeprosess.

Heile utbygginga på Mylletomta er prega av des­se førebileta. På 1990-talet blei kvalitet sett i sen­trum, og det nye KOS-bygget og PU-bustadene er prega av 90-talets idealar.

 

Uteområda

Kviteseid har mange gode plassutformingar, fine gateløp og møtestader. Det gamle torget ved Finda­len og den gamle brygga har lange tradisjonar som møteplassar. Målet er å skape gode tilhøve i sentrum for alle brukargrupper: Gåande, køyrande, syklande, barn og vaksne.

I dag køyrer vi mykje bil, og bilen set sitt preg på uteareala våre. God plass til gater og parkeringsplas­sar har høg prioritet. Utforminga av areal for bilen blir difor avgjerande for korleis sentrum vil sjå ut.

Små parkeringsplassar, tre, hekkar og buskar og areal reservert til møblering og for dei gåande er vik­tige prinsipp for å skape eit godt sentrum.

 

Plassane

Mylletorget er eit veldefinert, tilnærma kvadratisk område, kransa av bygningar. Her parkerer bilar, og det er noko plass for gåande. Torget fungerer også som gjennomkøyringsveg. Kyrkja markerer seg også på Mylletorget via utsikta mot vest, mellom apoteket og nabohuset. Plassen er prega av asfalt og bilbruk. Det er framlegg om å plante tre som mjukar opp dei harde materiala og betre plass for fotgjengarane. Dei breie fortauga inviterer til møblering med benker og blomar.

Findalemorget er i dag eit særs utflytande områ­de. Arealet fylgjer det fallande terrenget ut mot Kvi­teseidgata, medan ein mur skil Findaletorget frå arealet utanfor Waldenstrøms kafe. Ein gjer framlegg

om å heve torget i nedre vestrehjørne. Ein ny, steinsett støttemur vert trekt noko lengre inn på torget og gjer gatekrysset og parkeringstilhøva betre ved Handels­laget og Waldenstrøm. Ein vil plante nye tre langs Kviteseidgata og bygge opp ein grøntrabatt og gode fortaug. Målet er å leggje betre til rette både for gåan­de og køyrande.

 

Gateløpa

Garverivegen, Kviteseidgata og Bryggevegen er viktige gater i sentrum, med ei lang hisrorie bak seg.

Breidda på gaterommet i Kviteseidgara er 10-12 meter med eit intimt forhold mellom breidda i gate­rommet og høgda på dei toetasjes husveggene. Gate­løpet fell relativt bratt ned mot bryggeområdet, og det ligg slik til at ein får mykje ljos og sol.

Breidda på gaterommet i Garverivegen varierer frå 12 til 16 meter, og gaterommet har ein noko ann­leis karakter enn i Kviteseidgata. Bygningsmassa mot sørvest kastar skugge inn i gaterommet store delar av dagen, men gaterommet er ope nok til å gjera det ljost og triveleg.

Garverivegen er flatare og ikkje så veldefinert som Kviteseidgata. Store opningar mot bryggeområdet dreg utsikta mot vatnet inn i Garverivegen og gir gateløpet ein tilleggskvalitet. Det er viktig med vel­definerte gateløp som syner klart kvar ein skal gå, køyre, parkere og krysse gata. Gode fortaug, mykje grønt i form av tre og buskar og i tillegg god belys­ning er planlagde tiltak i Kviteseid. Ljospunkta bør i stor grad plasserast ved fotgjengarfelta for å auke tryggleiken for fotgjengarane.

 

 

Gjerde og murar

Gamle bilete frå Kviteseidbyen ved hundreårsskiftet syner at stakittgjerde var mykje brukt. I bryggeom­rådet og ut mot vatnet blei stakitten kombinert med tørrsteinsmurar.

I dag brukar ein i høg grad metallnetting til å gjer­de. Det er praktisk, men slett ikkje alltid vakkert. Det finst framleis døme på steinmurar med stakittgjerde på toppen, og det er langt meir i tråd med den gam­le tradisjonen.

Eit alternativ til inngjerding er planting av hekk i staden for oppsetjing av metallgjerde. Dette gir eit mjukt og frodig preg som vil vera med på å gjera sen­trum meir tiltalande. Vi rår til at ein bruker tørr­steinsmur av naturstein i relativt store dimensjonar, måla stakittgjerde og hekk.

 

Planting

Mange av hagane i sentrum er frodige og flotte med spennande vekstar. Store tre finn ein ikkje mange av i sentrum i dag. Vi går inn for at det blir planta spiss­lønn i sentrum, som enkelttre på strategiske stader eller i korte allear. I tillegg vil vi oppmode hageeiga­rane om å plante eitt og anna stort tre som kan vera med på å prege sentrum.

Det skal plantast mindre tre i sentrum, på Mylle­torget t.d. kan hjartetre eller japansk kirsebærtre vera eit god val.

Rundt sentrum og i vass kanten er det i dag mange bjørketre. Ein kan plante fleire slike, td. ved vestre innkøyring til sentrum

"I gamle dagar" var strendene i Kviteseid prega av mange store, flotte piletre. Vi gjer framlegg om at piletreet igjen får ein plass langs vatnet ved planting på visse framheva stader i strandområdet.

 

Møblering

Det er viktig at alle næringsdrivande satsar på felles produkt ved val av av offenrlege møblar og ljosutsryr.

Ulefoss-benken er kjøpt inn til Kviteseid sen­trum. Benken er produserr i fylket, er robust og tung. Denne benken er dessutan mykje brukt langs Tele­markskanalen elles. Benken høyrer naturleg til i Kvi­teseid og passar godt inn i miljøet.

Eit viktig tiltak i sentrum er ny gatebelysning. Ein bør velje ein enkel armatur, ikkje for stor og domi­nerande. Ein armatur som er mest mogleg robust og tidlaus. Når vaIet er gjort, bør næringsdrivande og bebuarar i sentrum velje harmonerande ljosutstyr på eller ved eige hus.

 

Fargar

Fargesetjinga av hus har variert mykje gjennom tide­ne, i samsvar med gjeldande stilart og mote. Fargar er også brukt til å understreke konstruksjonar, deko­rative element, sosial posisjon og eigedomstilhøve. Når ein bygning skal fargesetjast, er det viktig å hug­se på at eigen smak ikkje bør vera einaste kjenneteik­net for fargevaiet. Nabolaget, tradisjonen på staden, kva for stilart ein har med å gjera og naturen omkring bør også vera med på å styre fargevaiet. Fargen på eit hus er ein del av det offendege miljøet som vi alle skal leve med.

 

Måling av gamle hus

Skal du målet huset ditt, kan byggestilen vera ei ret­tesnor for fargevaiet. Riksantikvaren har utarbeidd eigne fargekart for kjende stilartar i Noreg. I boka "Gamle trehus" (sjå litteraturlista) finn du eit over­syn over fargar for ulike stilartar, både eksteriør og interiør.

Ynskjer du å finne fram til dei opprinnelege far­gane på huset, er det sjølvsagt eit vilkår at panelet ikkje er skifta. På ein stad som er lite utsett for sol, ver og vind, t.d. oppunder takskjegget, kan du lage ei "fargetrapp" , dvs skrape deg tilbake gjennom alle målinglaga.

 

Fargeplan

Ved fargesetjing av større bygningsmiljø eller sen­trumsområde kan ein samordne fargeval til ein far­geplan. Blir husa fargesett med altfor mange ulike fargar, kan resultatet bli kaotisk. Altfor lik farge på alle husa blir fort kjedeleg, men gir likevel eit meir samla inntrykk. Dersom det alt er store variasjonar i form, volum og byggestil, bør ein nok avgrense eller styre valfridomen.

Ein fargeplan kan vera eit fargekart med ei sam­ling fargeprøver. Intensjonen med fargeplanen er åoppmuntre huseigarar til å velje fargar frå kartet nes­te gong huset skal målast.

 

Fargane i Kviteseid

Gamle fotografi frå Kviteseidbyen fortel at fargane truleg variete sterkt mellom djupe brun-svarte nyansar til heilt ljose hus. Det har nok og vore omfat­tande bruk av jordfargar, og sveitserhusa hadde mør­ke staffasjefargar.

I dag er sentrum i stor utstrekning prega av ljose fargar. Bygningane på Mylletomta har ljosgrå og rosa variantar. Ein del av dei eldre trehusa er kvite.

Kviteseid er ein del av ein fargetradisjon i Tele­mark der bruk av jordfargar som oker og engelsk­-raudt var vanleg. Kvitt var tidlegare eit kostbart pig­ment og signaliserte status. Mange har nemnt det maritime preget i Kviteseid som også kan få verknad på eit framtidig fargeval.

Å bruke berre kvit måling på f.eks. eit gamalt sveitserhus forflatar huset og tek vegg særpreget det var meint å ha. Då er det betre å velje ljose jordfargar på husveggen med mørkare kontrastfargar på staffa­sjen.

Det maritime preget i sjøknten kan ein ta vare på med kalde fargar, blå og grøne nyansar, på dører og staffasje. Husveggene kan ein fortsatt måle med ljo­sare eller varmare fargar som grått eller oker.

 

Råd om utbetring

Skal du bygge på eller bygge om huset ditt eller setje det i stand? Fyrst og fremst bør du då finne ut kva for stilart huset er bygt i. Skal du skifte vindauga, er det viktig å velje ein type som passar med stilarten. Er du i tvil, kan du sjå på gamle fotografi eller søkje hjelp hos fagfolk.

All endring av bygningsmessig art skal byggemel­dast. Teknisk etat i kommunen eller antikvariske sty­resmakter i Telemark fylkeskommune kan gi råd før du set planane ut i livet. Fylkeskommunen gir i des­se dagar ut ein utfyllande byggeskikkrettleiar for hus i Telemark.

Det kan vera lurt å søkje hjelp hos arkitekt som kan gi råd om økonomiske, tekniske og estetiske løy­singar under planlegginga. I mange tilfelle vil bruk av arkitekt redusere utgiftene totalt sett. Ved nybygging eller påbygging bør du ta kontakt med naboar og informere om planane dine. Kanskje er det råd å samordne eigne planar med naboen sine. Ei tilpas­sing til bygningsmassa i nabolaget bør vera ein del av utbyggingsplanane.

 

Nyttig litteratur

Christensen, Arne Lie: Den norske byggeskikken. Hus og bolig på landsbygda fra middelalderen til vår egen tid. 1995.

Drange/ Aanensen/Brænne: Gamle trehus. 1992.

Forseth, Terje/Miljødep.: Fra vegkryss til tettsted. 1992.

Fortidsminneforeningen/Norsk Kulturråd: Hus og stil. 1988.

Fortidsminneforeningen: Gode råd om... (serie). 1980.

Lodberg-Holm, Brita: Slik bygger vi - på befaring i norsk byg­geskikk. 1994.

Norberg-Schulz, Christian: Nattlandene - Om byggekunst i Norden. 1993.

Norges byggforskningsinsritutt: Byggforskserien.

Telemark fylkeskommune: Skilt og reklame i T elemarks byer og bygder - en innføring i bedre skilting.

Telemark fylkeskommune: Byggeskikkveileder for Telemark.

1997.



Kviteseid Næringslag, 3850 Kviteseid, eig og driv denne nettstaden.
 Redaktør:  Gunnar Ruud

www.kviteseidbyen.no