Tilbake til hovedsida
Fakta om Kviteseidbyen
Administrasjonssenteret Kviteseidbyen
Handels/servicesenteret Kviteseidbyen
Reiseliv
Lokalhistorie Kviteseidbyen
Kviteseidbyen veks fram
Kviteseidbyen år 1900
Bybrannen i 1911
Kviteseidbyen 1910-30
Kviteseidbyen 1930-50
Kviteseidbyen 1950-70
Kviteseidbyen 1970-04
Ishusa i Kviteseidbyen
Erik Werenskiold i Kviteseidbyen
Kviteseidmarken - glimt frå markenshistorien
Meieritradisjonen
Kultur / oppleving / aktivitetskalender
Kviteseidmarken
Arkitektur i Kviteseidbyen
Heimesider - næringslivet
Tilbud i Kviteseidbyen
Rutetider
Lenker

Kviteseidbyen 1910 - 30

 

Med ei rekkje båtar i fast rutetrafikk, og etterkvart godt over hundre tusen
reisande på kanalen kvart år, skjønar ein at det var liv og røre på ein stad
som Kviteseid.

For reisande frå grannebygdene vart det ofte trong for husrom i Kviteseid
skulle ein nå båten ein tidleg morgon på veg nedover til Skien. Pa same måte
når ein kom heimover med båten ein sein ettermiddag eller kveld.

Slusene og kanalen vart tidleg ein turistattraksjon. Sumarstid kom
turistane, ikkje så få av desse var pengesterke utlendingar. Dei vart ein
viktig del av driftsgrunnlaget for hotella i byen.

Vassdraget skulle også koma til å gje innbyggarane i den nye byen tett ved
Kyrkjebø-brygga ubehagelege opplevingar. Flaumane både før hundreårsskiftet
og langt inn i vårt århundre kunne verta nokså voldsomme. Den fyrste og
kanskje
verste flaumen kom i 1897. Mai månad kom med full sommarvarme dette året, og
snosmeltinga skjedde i rekordfart. Sundkilen steig og steig. I slutten av
månaden stod vatnet midt oppe på
den nybygde pakkbua på brygga. Varer og utstyr måtte flyttast
oppover i byen. Hjå kjøpmann Sørensen fiska folk mellom dei blømande
frukttrea. Trafikken i slusene stoppa heilt opp. Berre to damparar var att
på oppsida, og då den eine av desse gjekk sund, var det berre att den vesle
sleparen 'Kråka' til å ta seg av post- og passasjertrafikken. For
hotelleigarane i byen vart det ein elendig sesong. Ikkje ein einaste turist
kom til byen på mange veker. Fyrst midtsommars dukka det opp ein hollender
saman med sine to døttre. Så dukka turistane etter-
kvart opp att og spesielt mykje engelskmenn kom dette året. Byen kunne puste
letta ut etter fleire vekers isolasjon.

Ein liknande flaum kom i 1927. Vatnet steig i voldsomt tempo,
1 meter på eit døgn på det verste. Også nå stod bryggehusa halvvegs under
vatn. Hjå Torp Hansen stod vatnet heilt oppunder golvplankane i butikken og
folk la i land med pråmane sine ved bakeriutsalet til Jacobsen. Folk rodde i
gatene og fiska i hagane.

Likevel vart ikkje byen isolert på same måten denne gongen som under flaumen
i 1897.

Dette visar i kva retning utviklinga gjekk for Kviteseid- byen.
Kanalen fekk etterkvart mindre betydning for staden. Lastebåtane frakta endå
i mange år gods til og frå Kviteseid Brygga. Men passasjertrafikken minka.

Dei næringsdrivande måtte orientere seg i anna lei. Me finn dette att i
måten dei markedsførte seg på. I den tidlegaste perioden på 1890-talet var
det gjerne berre Kviteseid Filialapothek som annonserte at 'Ordres
ekspederes hurtigst pr. Dampskib eller Post' i tillegg til sakførarane og
tannlegane som alt då prøvde å nå ein litt vidare kundekrets. Dei fyrste åra
utover i vårt århundre endrar dette seg, og då avisa Varden får selskap av
den nynorske avisa 'Norig' kan ein sjå at fleire
av handelsmennene annonserar.( Forøvrig var fleire av byborgarane i
Kviteseid-byen ivrig med i arbeidet med å skipe denne nynorske avisa.) Dei
hadde eit tilbod ikkje berre til
kviteseidfolk og dei reisande på kanalen.

Etterkvart dukkar det opp interessante døme på andre former for
marknadsføring. Kittil Kilen overtok i 1908 smedforretninga i byen etter
smed Halvorsen, som reiste til Amerika. Kilen-smia opparbeidde seg
etterkvart eit marked
langt utover Kviteseid. Han vart kjent for å gjera svært godt arbeid, han
fylgde godt med og fekk raskt med seg nyvinningar
innan faget. Han laga eigne plakater og salsbrev der han
anbefala smedforretninga si. Han leverte 'Staskjøretøi og arbeidsredskap av
alle slag. Oljekokte hjul i alle størrelser.' Vidare kunne han medela at
'Jeg arbeider smijernsporter og gravgitter i alle mønster. Staburslaaser,
kistelaaser og møbelbeslag i gammel stil'
Kittil Kilen dreiv smedforretninga i byen fram til 1955.
I dag vert Kilen-smia og smedtradisjonane her ført vidare av sonen Rolf.


I 1913 sette sydpolfarar Olav Bjåland opp Telemark Skifabrikk ved bekken
rett opp for garveriet. Fabrikken vart driven av ulike eigarar fram mot
1970.

Etter ferda til Sydpolen saman med Amundsen i 1911, gjekk det
gjetord i bygda om at Bjåland var ventande heim med båten om nokre dagar.
Mottakingsseremoni vart planlagt. Dagen før han var venta, oppdaga folk på
brygga at Bjåland var med båten. Det vart sagt at han hadde høyrt nyss om
planane, og ikkje ynskte noko oppstuss ved heimkomsten. Bokhandlar Torp
Hansen spratt opp på ei trekasse og heldt ei improvisert velkomsttale då han
steig i land.

I 1915 kom Kviteseid Elektrisitetsverk i drift. Det vart bygd rett opp for
byen med vassforsyning frå Opsundbekken. Etter kvart gjekk fleire av
verksemdene over til straum. Etter å ha gått over til straum, skriv ein av
skreddarane i byen: ' Det hendte då som nå at straumtilførselen kunne
svikte. Eg hugsar ein gong, at straumen var borte ein dag. Det var travelt i
verkstaden, fleire skulle koma og prøve denne dagen. Det var ikkje anna råd
enn å fyre opp i ovnen, og seta over jønna. Dei måtte varmast for å få unda
pressinga. Det vart så varmt, at kundane ikkje orka å prøve inne. Dei måtte
ut på tunet for å prøve der. Me såg alle tydeleg kor stort framskritt
etableringa av Kviteseid Elektrisitetsverk hadde vore for bygda.'

I 1915 var den nye kyrkja på Hamaren ferdig. Kyrkja er bygd av granitt
broten i fjellet ved Sundet. Etter denne tid vart Hamaren i folketalen kalla
Kyrkjehamaren.

Apoteker Feilberg kjøpte Central Hotel i 1916, og dreiv apotek der til 1963.
Huset vert av einskilde kalla 'apoteker-gården' den dag i dag.

Same året kjøpte Hans Bjørnstad huset til Gunnar Knudsen, og dreiv
landhandel i mange år. Huset heiter framleis Bjørnstad-bui eller
Bjørnstad-huset, trass i mange ulike eigarar og brukarar etter Bjørnstad si
tid.

Nokre år etter at dampsaga på Lunden vart lagt ned i 1904, vart det reist ei
sag på tomta ned for garveriet. Saga brann i 1920.

Byen vart ramma av fleire brannar i denne perioden. Bl.a. brann Port Arthur
(Hørthe), Grønlid (Roholdt) og Nordaberg (nå Nørstrud-bui).

I 20-åra kom det i gang bilverkstad på tomta der Torvild Dalen bur.
Verkstaden vart driven av ein 'tusenkunstnar' som byen hadde mykje nytte av.

I januar 1923 samla ein del garbrukarar seg i gjestgiveriet hjå Aslestad for
å drøfta oppretting av eit meieri. Slik kom 'Kviteseid Andelsmeieri' i gang.
Dette var forløparen til Kviteseid Meieri, seinare Vest-Telemark Meieri, så
under namnet Meieriet Sør.

Findalen AS vart stifta i 1926. Dei mangeårige handelstradisjonane i
Midtsund-familien vart ført vidare i dette selskapet.

I 1927 vart kyrkjegarden ved den nye kyrkja tatt i bruk. Frå kyrkja stod
ferdig i 1915 og fram til 1927 vart gravplassen ved gamlekyrkja nytta.

I 1929 starta Magda Ruud kafe i Glitnegården. Ho var då 20 år. Ho dreiv
sidan kafe i byen gjennom eit langt liv. I 20- åra var det også kafe i
Nordaberghuset. I 2. høgda av Findalen dreiv Clara Iversen Bondeheimen.

 




Kviteseid Næringslag, 3850 Kviteseid, eig og driv denne nettstaden.
 Redaktør:  Gunnar Ruud

www.kviteseidbyen.no