Talentkonkurransen "Telemarks talent"
Talentkonkurransen ”Telemarks talent” på Victoriafestivalen i Kviteseidbyen i fjor vart ein kjempesuksess. Mange flinke deltakarar, flott show, stor publikumstilstrøyming og mykje omtale i media.
Vi gjentar suksessen i år! Vi inviterar alle amatørtalent (ikkje komersielle utøvarar) til å melde seg på talentkonkurransen. Bruk vedlagte påmeldingsblankett, og send inn så snart som råd.
Konkurransen er open for alle talent. Enten du er sangar, musiker, tryllekunstar, gjøglar, skodespelar, spelar i band eller anna. Enten du opptrer aleine eller saman med andre er du med og konkurrerar om dei flotte premiane.
Fyrstepremievinnaren dreg avgarde med heile 10.000,- kroner. Kjem du på andreplass får du 3.000,- kroner. Tredjepremievinnaren får 1.000,- kroner.
Det er ein profesjonell jury på tre medlemer som avgjer rekkefylgja på talentane og utropar vinnarane.
Talentshowet går av stabelen om ettermiddagen laurdag 19. juni 2010. Showet går frå scena i Bryggeparken.
Velkomen til eit forrykande talentshow i Kviteseidbyen! |