Tilbake til hovedsida
Fakta om Kviteseidbyen
Administrasjonssenteret Kviteseidbyen
Handels/servicesenteret Kviteseidbyen
Reiseliv
Lokalhistorie Kviteseidbyen
Kultur / oppleving / aktivitetskalender
Kviteseidmarken
Arkitektur i Kviteseidbyen
Heimesider - næringslivet
Tilbud i Kviteseidbyen
Rutetider
Lenker

Johnsen & Nordberg til Kviteseid

Vidar Johnsen, tidligare vokalist i Vamp og svenske Peter Nordberg held to konsertar under Viser ved Kanalen i år. Dei startar med ein konsert i Bryggeparken i Kviteseidbyen fredag 18. juni og reiser vidare til Skien, Klosterøya, Union brygge for å ha den neste laurdag 19. juni. Johnsen og Nordberg var på Viser ved Kanalen i 2008, men då var dei ikkje like kjent som i dag. Viser ved Kanalen er fornøgd med å få dei tilbake med band, etter at dei har spela Norge rundt sidan sist.

Vidar og Peter oppdaga kvarandre for fyrste gong i Stavanger for over 10 år sidan. Dei vart umiddelbart fan av kvarandres musikalske uttrykk og låtskrivartalent. Fyrste konsert saman skjedde i same by i 1997. 

Arrangørane i Kviteseidbyen ser fram til denne storkonserten: Ein stappfull bryggepark, ein lun sommarkveld, ei flott musikkoppleving!!



Kviteseid Næringslag, 3850 Kviteseid, eig og driv denne nettstaden.
 Redaktør:  Gunnar Ruud

www.kviteseidbyen.no