Auka handel i Kviteseidbyen
Handelen i Kviteseidbyen har vore aukande gjennom fleire år. Sommarsesongen blir travlara og travlare for kvart år. Årets sommarsesong i Kviteseidbyen har vore prega av stor turisttrafikk og mykje tilreisande frå nabokommunane. Fleire av handelsbedriftene i byen melder om rekordomsetnad.
Bryggeområdet med den nye parken og badebrygga har blitt ein populær møteplass sommarstid. Ei perle midt i byen, ein særprega stad å nyte fine sommardagar. Turistane og andre besøkande trivs i Kviteseidbyen. Trivselen har mykje å seie for at besøkande kjem tilbake. Dei næringsdrivande kan melde om mange tilreisande som regelmessig besøkjer byen gjennom heile sesongen.
Kviteseid Næringslag er svært nøgd med opprustinga som har skjedd i byen dei siste åra. |