Kviteseidmarken
Kviteseid har eldgamle markenstradisjonar vinterstid. Kor langt tilbake veit snautt nokon. På Kongsberg reknar dei markenstradisjonen tilbake til 1633. Fyrste Skiensmarken vart halden på Rådhusplassen i Skien vinteren 1781. Fyrste Rørosmartnan var i 1854 og kom i stand etter kongeleg resolusjon av 1853.
På 1700-talet og vidare inn i 1800-talet var det mykje hest i Kviteseid, men det fanst knapt ei hoppe langt mindre ein fole i bygda. Alt av hestar var såleis innkaupte. Og det var på dei store hestemarknadene at handlane skjedde.
Frå Hardanger og Voss kom driftehandlarane kvart år. Ruta gjekk gjennom Kviteseid på veg til marknadene i Skien og Kongsberg.
Tråvkjøringa på Sundkilisen under Kviteseidmarken går 150 til 200 år tilbake i tid. Her fekk ein vist kva tråvarane var gode for, og mang ein hest bytte eigar etter konkurransen på isen.
Les meir markenshistorie.
Kviteseidmarken 2010 Påmelding - utstillarplass
Kviteseidmarken 2010 går av stabelen fredag 12. og laurdag 13. februar. På markensprogrammet står utstillingar, kulturkveld på kulturhuset, Markensseksa på Kviteseid bryggje og ikkje minst salsboder på markensplassen. Eit høgdepunkt under Kviteseidmarken er det tradisjonsrike markenstråvløp på Sundkilen. Markenstråvløpa dei siste åre har vore suksess av godt gamalt merke.
Markenstråvløpet 2008 var jubileumstråvløp. Øvre Telemark Tråvlag har arrangert tråvløp under Kviteseidmarken heilt sidan tidleg på 1880-talet, og feira i 2008 sitt 125-årsjubileum. Sju løp vart avvikla på isen under tråvkjøringa. Markenstråvløpet i 2009 samla på nytt tråvarar og publikum frå heile Telemark.
Kviteseidmarken 2010 kan også by på konkurransekøyring med bil på isen ut for Kviteseid bryggje.
Sjå markensprogrammet 2010 |