Tilbake til hovedsida
Fakta om Kviteseidbyen
Administrasjonssenteret Kviteseidbyen
Handels/servicesenteret Kviteseidbyen
Reiseliv
Lokalhistorie Kviteseidbyen
Kviteseidbyen veks fram
Kviteseidbyen år 1900
Bybrannen i 1911
Kviteseidbyen 1910-30
Kviteseidbyen 1930-50
Kviteseidbyen 1950-70
Kviteseidbyen 1970-04
Ishusa i Kviteseidbyen
Erik Werenskiold i Kviteseidbyen
Kviteseidmarken - glimt frå markenshistorien
Meieritradisjonen
Kultur / oppleving / aktivitetskalender
Kviteseidmarken
Arkitektur i Kviteseidbyen
Heimesider - næringslivet
Tilbud i Kviteseidbyen
Rutetider
Lenker

Kviteseidmarken - glimt frå markenshistorien

Stoffet under er eit utdrag frå heftet 'Kviteseidmarken - glimt frå markenshistorien'. Heftet ligg ute for sal i Kviteseid Bok og Papir.

 

Kviteseidmarken anno 1794

 

I Kviteseid var det i 1794 om lag 140 gardar. I tillegg ei lang rekkje større og mindre plassar. Folk budde det overalt, i kvar hei, lid og dal, og utover langsetter vassdraget. Alt på denne tid var Kviteseid blitt samlingsstad for dåtidas regionale embedsfolk. Her budde futen Cloumann, sorenskrivar Wamberg og presten Windfeldt. Dei siste sette ikkje minst sitt preg på kvardagsliv og utvikling av kviteseidsamfunnet i 1790-åra.

 

Kviteseid hadde i 1794 om lag 140 hestar. I snitt vart det ein hest pr gard. Nokre gardar var hestelause, medan andre hadde to. Samstundes var det eit interessant særpreg ved bygda: Det fanst knapt ein fole i heile Kviteseid. Bøndene bruka hesten dei åtte i arbeid året rundt, i skogen om vinteren og på garden sumarstid. Å drive oppal av hest var det ingen som såg seg tid eller råd til. Handel med hest var derfor viktig for kviteseidbøndene. Alt av hest måtte

kjøpast inn utanfrå, og det var avgjerande med praktiske møteplassar der seljar og

kjøpar kunne treffast. Kviteseidmarken var ein slik viktig møteplass.

 

Under ein marken på 1790-talet var det difor kjøp og sal av hest som stod i fokus. Til dette høyrde det å teste ut hesten på ulikt vis før handelen vart gjort.

 

Hestehandel

Det var vestlendingane, eller Normennene, som i hovudsak forsynte kviteseidingane og grannebygdene elles med hest. Trafikken over fjellet går langt tilbake i tid. Spesielt er Røldal nemnt som opphavsstad for mykje av hestehandelen. Til marken kom hestane i lange rekkjer, den eine bindt fast i rova på den hin. I 1794 låg prisen for ein fjording opp mot 20 dalar, og vart det omsett dølahest, så var prisen om lag det doble. Dei få dølahestane som vart selde på marken, hadde kome oppover bygdene via marken i Skien og på Kongsberg, der gødbrandsdølane stilte opp med hestedrifter.

 

Hestekamp

I 1794 levde så vidt ennå tradisjonen med å stelle i stand hestekampar. Her til lands var det i Øvre Telemark denne ”sporten” overlevde lengst, litt inn på 1800-talet gjekk det før hestekampane var heilt ute av soga. Ein hestekamp var ein kamp mellom hingstar, der eigarane hissa dyra til dyst. Ofte ein kamp på liv og død. Når bøndene møttes til hestekamp, kytte dei av hesten sin, og påstod gjerne at likare hest fanst ikkje. Til biskare hingsten var, til meir krefter han hadde å slåss med, til jevare var han. Så galdt det å la hestane i kamp avgjera kven som var gjevast.

Hingstar med store og skarpe tenner, vart spesielt fostra opp med tanke på hestekampane.

Futen Cloumann skreiv nokre år tidlegare i brev til amtet, at ”mange haver en utidig agt og tilbøielighet for for modige, vrinske og smukke hingste, hvilke i sammenkomster giver dem materie til taler ved ølskaalen”. Med dagens auger gjekk hestekampane ganske rått for seg, her gjaldt det å bite og sparke frå seg av alle krefter. Men faktisk var tradisjonen med hestekampar med på å ale fram sterkare og kraftigare hestar. Trass råskapen i det heile, var hestekampane til stor moro for folk. Når hesteeigarane møttes til hestekamp på marken, då stilde publikum talrikt opp.

 

Tråvkjøring

Dei gamle kviteseidingane var innbarka hestekarar. Og fleire tilhøve tilseier at tråvkøyringa utvikla seg frå eit tidleg tidspunkt nettopp i Kviteseid. Det var gjerne på kyrkjeveg vinterstid, med fleire hestar i fylgje, at konkurranseinstinkt og vinnarvilje utvikla seg til tråvsport. Slik også for kviteseidbøndene. På Sundkilisen låg alt til rette for kapping hestane i mellom. Rundt kilen låg gardane plassert, Midtbøen og Syftestadgardane, Moen og Lundevall, Oppsund, Kyrkjebøen og Midtsund. Kvar messesundag vinterstid kom sledane glidande ut på Sundkilisen, og

ferda mot kyrkja ute ved storfjorden tok til. Og heim att same vegen, i flokk og fylje langsetter isen. Heilt fram til nykyrkja kom i Kviteseidbyen i 1915 hadde kviteseidbøndene ein kyrkjeveg som stimulerte til kappkjøring. Sundkilen hadde også den fordel at isen la seg tidleg om hausten og låg lenger utover våren enn i vassdraget elles. Sesongen her varde lenger.

 

Tilbake til 1760-talet er tråvløpa beskrivne som ”en Kap-Kiørsel med Travere, det er Heste, som af Naturen og ved nogen Afretning tage særs lange og hurtige Trav for en Slede”. Men kven som vant konkurransen hestane i mellom på Sundkilen i Kviteseid i 1794 veit ingen i dag. Ein veit derimot litt om kor raske dei beste hestane kunne vera: En god norsk Traver legger i otte Minutter en halv norsk Miil eller 9000 Alen tilbage, som er 1125 Alen eller Skridt i et Minut, altsaa atten trefierdedeel Alen i et Sekund, hver Trav eller Fodslag regnes i det mindste til to Alen”.

 

Folkeliv, underhald og moro

Folkeleg moro høyrde til når hestefolket og andre møttes til marken i 1794. På isen skjedde meir enn kappestrid tråvarane i mellom. Some kunne finne på å utfordre tråvarane, og kappspringe med dei. Det var ikkje alltid tråvaren vant. Andre hadde øvt opp reine akrobatkunstene på isen. Karl Rue var ein av dei. I dag mest kjent som ein av dei store felemakarane. Han var ein meister på skeiser, og var i stand til å hoppe over ryggen på ein hest som tråva etter isen. Slike prestasjonar er haldne levande på folkemunnet sidan.

 

 

Kviteseidmarken anno 1890


Stor tilstrøyming
I januar 1890 kunne Øvre Thelemarkens Traverselskab melde at dei ”onsdag den 12te februar vil lade afholde præmiekjøring på Sundkilen i Hvideseid. Kjøringen begynder kl 11 formiddag, innen hvilken tid de heste, som skal deltage i løbet maa være indskrevet hos bestyrelsen”. Dette bar bud om at ein ny Kviteseidmarken stod for døra. Og marken kom med strålande vær og godt føre. Frå store område strøymde folk og hest til Kviteseid. Det var ikkje mange ledige stallplassar mellom Lundevall og Spjotsodd dei dagene marken varte.

Til Kviteseidmarken drog dei med store forventningar. Røldølane med fjordingane sine, fjøllmennan for å selje fisk og vilt. Og tråvfolket. Kontante pengar, heider og ære i konkurransen på isen var verdt ein strabasiøs kviteseidtur midtvinters.

Her var folkeliv, kartak og kyt. Vrinskande gampar og huvande karar. Ei årleg storhending i Øvre Telemark. I Kviteseidbyen låg det som ei skodde av ram og frisk hestelukt. Med finvær og varmende vintersol ”er det selvsagt at en Mengde Mennesker var mødt frem, en del for å gjøre forretninger og andre for at ture Marken, og nyde denne for en fjeldbygd saa sjeldne fornøielse”

 

Premieløpet på Sundkilen

I alt 24 hestar stilte til start ute på isen. Dei vart delt i tre klasser, med kortaste distanse i fyrste klasse på vel 400 meter. Hjartdalshesten Løvenskiold tok 1. premie på den korte distansen, og sikra seg 10 kroner i premie.  I andre klasse vant bøhesten Dokka. På den lengste distansen, vel 1600 meter, vant kviteseidhesten Pepita og sikra seg 20 kroner, pluss ein ekstrapremie på 15 kroner.

Det var Petter Sundt som eigde Pepita, og

 

med desse premiane hadde den fireårige Pepita sikra seg 14 premieringar. Petter Sundt var mangeårig båtkaptein på kanalbåtane og hotelleigar i Kviteseidbyen. Domarar under tråvløpet var lensmann Johannesen, Olav S Groven, Torjus Dale og Torleif Rui.

 

Markens-seksa

Tradisjonen tru, vart det arrangert seksa etter tråvløpet. Dette året samla tråvfolket seg på Wriedts Hotell, Kviteseidbyens fyrste hotell. Wriedt dreiv både hotell, skyss-stasjon, garveri og dampskipsekspedisjonen i byen. Samlinga på hotellet starta med at premiane vart dela ut, så vart generalforsamlinga i tråvselskapet avvikla. Styret vart attvalde. Etter generalforsamlinga ”afholdtes en Seksa med Smørbrød, Øl og Punsj for selskabets medlemer. Der holdtes i Aftenens Løb flere Taler og udbraktes en rekke af Skaaler under en meget gemyttelig stemning”.

 

Heste-handel

Hestehandelen gjekk livleg i Kviteseidbyen dette året. Dei fleste hestehandlarane var svært nøgde med omsetninga. Mellom 400 og 500 kroner fekk dei betalt for det som vart rekna for almindeleg gode arbeidshestar. Men det var ikkje berre arbeidshestar som skifte eigar. Fleire av tråvarane vart også bydd fram for sal. Tråvaren Kolbein frå Hemmestveit i Morgedal, som hadde sikra seg ein ekstrapremie på kr. 15,- ute på Sundkilisen, skifte eigar i løpet av marken. Petter Sundt selde også den spreke Pepita til ein av kjøpmennene i byen, landhandlar Bjerk. Året etter stilde Bjerk til start i markensløpet med Pepita, og sikra seg fyrste premie i to av løpa.

 

 

 

Kviteseidmarken anno 1992


Aktivitet på isen
Kviteseidordførar Inge Fjalestad stod for den offisielle opninga av marken fredag 7. februar 1992. Han var nyvalt ordførar med berre nokre veker bak seg i ordførarstolen.

Det var ei mild markensveke dette året, og mildt var det under sjølve marken. Sno fanst det mest ikkje i det heile, men Sundkilisen var godt brukbar. Mykje markensaktivitet var derfor lagt til isen dette året.

 

Høgdepunktet var nok ”skøytelands-kampen” mellom ordførarane i Kviteseid og Seljord. Både Inge Fjalestad og Seljords ordførar Olav Sollid stilte godt rusta på Ballangrudskøyter. Noko forvirring vart det då begge ordførarane måtte innrømme at dei ikkje meistra ein normal skøytesving, dei skeisa begge feil veg rundt banen! Stygge feilskjær vart henta fint inn att, til stort vonbrot for representantar frå kommuneadministra-sjonane som stod inne på tørt land og såg på!

 

Vidare var det fiskekonkurranse ute på isen, det var Kviteseid-meisterskap på spark og konkurransar i skøyteløp og bandy. Hesten var på plass også på denne Kviteseidmarken. Frå Fyresdal hadde ein flokk tatt turen, og viste seg fram for markensfolket ute på Sundkilen.

 

Brødlansering

Waldenstrøm Bakeri lanserte det nye Kviteseidbrødet sitt under marken. Før det hadde brødet blitt prøva ut på lokale prøveklutar, og desse hadde gjeve positive tilbakemeldingar. Bakar Inge Waldenstrøm lanserte brødet som eit suplement, og lova at det var kome for å bli. Bakaren vona brødet kunne gje kundane eit meir variert kosthald, her fekk dei både rug, havre,

kveite og solsikkefrø i same brødskiva. Brødet vart karakterisert som Kviteseidmarkens sunnaste tilbod dette året, og gjorde stor suksess. Bakeriet gjekk tomt alt tidleg på markenslaurdagen.

 

Sundagsope

Marken gjekk over tre dagar. Fredag, laurdag og sundag. På sundagsprogrammet stod fiskekonkurranse, hesteoppvising og modellflygarar i loop over Sundkilen. Det vart gjort forsøk med sundagsopne butikkar frå kl. 13.00 til 17.00. Markensplassen var også open sundag. Konklusjonen var at markenssundagen tapte i konkurransen med OL i fjernsynet.

Forretningane meldte om god markensomsetning. Ein av dei tilreisande bilselgarane klarte å selge 4 bilar på marken, og var godt nøgd både med sal og innbytte.

 

Restaurant-jubileum

Kviteseidmarken 1992 reklamerte med tivoli, konkurransar, fest, musikk og mykje moro. Tivoliet var på plass. Mylla Pizzabar feira 5-årsjubileum, og laurdagskvelden spela Geir Ødegaardens orkester der. Waldenstrøms Kafe serverte god gamaldags ertesuppe til ein rimeleg pris, og markensstemninga var på plass i kafeen.

 

 

Arrangørane nøgde

Medlemene av markenskomiteen. Aage Haatveit, Reidun Midtbøen og John Straume sa seg godt nøgd med Kviteseidmarken 1992.

 

 

 

 

 

 

 



Kviteseid Næringslag, 3850 Kviteseid, eig og driv denne nettstaden.
 Redaktør:  Gunnar Ruud

www.kviteseidbyen.no