Kviteseid - administrasjonssenteret midt i Vest-Telemark
Kviteseid kommune ligg sentralt i Vest-Telemark, midt mellom dei øvrige fem kommunane i regionen. Kviteseid sentrum er avstandsmessig det mest sentrale kommunesenteret i Vest-Telemark-regionen.
Kviteseid har lang tradisjon som regionalt administrasjonssenter. Den sentrale plasseringa i regionen har gjort mykje til dette. Fyrste fogden i Øvre Telemarkens Fogderi kom i 1781, og sidan vart fogderiet styrt frå futegarden i Kviteseid. Heilt tilbake frå 1723 har sorenskrivarkontoret for Vest-Telemark halde til i Kviteseid. I dag under namne Vest-Telemark tingrett. Jordskifteverket for Vest-Telemark vart etablert i Kviteseid med jordskiftekontor og jordskifterett etter krigen.
I nyare tid er det etablert ei rekkje kontor med regionale funksjonar i Kviteseid sentrum. I dag er rundt 75 personar sysselsette i statlege kontor og andre regionale funksjonar i Kviteseid.
Fylgjande statlege kontor og andre offentlege kontor med regional administrasjon og tenesteproduksjon er i dag lokaliser i Kviteseid sentrum:
Vest-Telemark tingrett
Vest-Telemark domssogn består av kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje. Det har vore sorenskrivarkontor i Vest-Telemark sidan 1595. Sidan 1723 har kontoret vore lokalisert i Kviteseid. Tingretten er fyrsteinstansrett, og skifta i 2002 namn frå Vest-Telemark heradsrett til Vest-Telemark tingrett. Tingretten er namsmyndighet og skifterett. I tillegg til dømande verksemd, er oppgåvene til tingretten tinglysing, vigsel, dødsbuskifte, konkursar, gjeldsordningssaker og tvangsfullføring.
Tingretten er samlokalisert med Øvre Telemark Jordskifterett i Statens Hus i Kviteseidbyen.
Øvre Telemark jordskifterett
Jordskifteretten er særdomstol for arealbruk. Domstolen vart etablert med kontor i Kviteseid kring 1950. Arbeidet til jordkiftekontoret kan i hovudsak delast i tre kategoriar: 1: Legge til rette for næringsutvikling, 2: Skape eit meir kostnadseffektivt bruk og 3: Rettspleie (grensegang, rettsutgreiing). I samband med nyleg gjennomført omorganisering endra jordskifteretten namn frå Vest-Telemark jordskifterett til Øvre Telemark jordskifterett. Jordskifteretten i Kviteseid er ein av to i Telemark fylke, og omfattar kommunane Fyresdal, Hjartdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje.
Jordskifteretten er samlokalisert med Vest-Telemark tingrett i Statens Hus i Kviteseidbyen.
Vest-Telemark tinget
Vest-Telemark tinget er eit politisk samarbeidsorgan for dei seks Vest-Telemark-kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje, med tillegg av Hjartdal kommune. Tinget er interesseorganisasjon for dei deltakande kommunane på alle område og alle plan. Vart stifta i 1993. Vest-Telemark tinget sitt sekretariat har kontor i Veksthuset i Kviteseid.
Vest-Telemark rådet
Vest-Telemark rådet er eit samarbeidsorgan for Vest-Telemark kommunane pluss Hjartdal beståande av ordførarane i dei sju kommunane. Sekretariatet til Vest-Telemark rådet har kontor i Veksthuset i Kviteseid.
Vest-Telemark Næringsbygg AS
Selskapet vart stifta i 1971, og har halde til i Kviteseid sidan 1988. Vest-Telemark Næringsbygg er lokalisert i Veksthuset. Selskapet har som føremål å fremje lønsam industri og anna næringsverksemd i Drangedal, Hjartdal, Nissedal, Fyresdal. Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapet gjev teknisk og økonomisk råd til verksemder under oppstarting og til igangverande verksemder, forvaltar industrilokale som selskapet eig og tek del i andre selskap.
Vest-Telemark Næringsutvikling AS
Selskapet sitt føremål er å styrkje og vidareutvikle næringslivet i Vest-Telemark-regionen. Selskapet yter bedriftsrådgjevingstenester til bedrifter/næringsdrivande og arbeider med regionale utviklingsprosjekt og oppgåver av næringspolitisk karakter. Som regionalt næringsutviklingsselskap har selskapet eit særleg ansvar for å fremje regionen sine interesser. Selskapet vart etablert i Kviteseid i 1995 og har kontor i Veksthuset i Kviteseid.
Fellesfondet for Øvre Telemark
Samarbeidsorgan for kommunane Hjartdal, Nissedal, Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tinn, Tokke og Vinje med føremål bl.a. å bidra til medfinansiering av næringsutviklingstiltak i Øvre Telemark. Sekretariatet for Fellesfondet har kontor i Veksthuset i Kviteseid.
Vest-Telemark Etablerarsenter
Vest-Telemark Etablerarsenter gjev hjelp i samband med etablering av bedrifter/næringsverksemder i Vest-Telemark regionen. Hjelpa er gratis for brukarane. Typiske oppgåver er hjelp til forretningsplan og budsjett, samt søknader om finansieringshjelp. Etablerarsenteret har vore i drift sidan 1999. Dei tilsette ved Vest-Telemark Næringsutvikling AS i Veksthuset i Kviteseid står for drifta.
Familiekontoret i Øvre Telemark
Spesialteneste med familierelaterte problem som sitt fagfelt. Tilbod om rådgjeving/behandling til par, familiar og einskildpersonar. Kontoret driv mekling og utadretta arbeid, temakveldar, foredrag og rettleiing. Familiekontoret har brukarar frå heile Øvre Telemark. Kontoret har utekontordagar i Notodden, Bø og Rjukan. Familiekontoret i Øvre Telemark vart opna i Kviteseid i 1994, og held til i kontorlokale ved Mylletorget.
Vest-Telemark Barnevernskontor
Vest-Telemark Barnevernskontor vart etablert i Kviteseid i 2004. Kontoret er eit samarbeidsprosjekt der barnevernstenesten i alle Vest-Telemark-kommunane er samla i eitt kontor. Barnevernskontoret held til i kontorlokale ved Mylletorget.
Vest-Telemark PP-teneste
Pedagogisk-psykologisk rådgjevingsteneste for Vest-Telemark. Omfattar rådgjeving og utgreiing i høve til ulike lærevanskar hjå born, ungdom og vaksne. Sakkunnig instans i høve til trong for spesialundervisning. Vart oppretta som pedagogisk-psykologisk distriktssenter med rådgjevingsteneste, spesialskule og internat i Kviteseid i 1975. PP-kontoret omfattar ikkje lengre skule- og internatdelen. Vest-Telemark PP-teneste held til i kontorlokale ved Mylletorget
Telemark kommunerevisjon IKS
Vest-Telemark Kommunerevisjon vart oppretta i 1994 og utførte revisjon for kommunane i Øvre Telemark. Er avløyst av det nye revisjonsselskapet Telemark kommunerevisjon IKS som utfører revisjon for alle kommunane i Telemark fylke. Telemark kommunerevisjon IKS har kontor i Statens Hus i Kviteseid.
NAV Kviteseid
NAV-kontoret er lokalisert i Statens Hus i Kviteseid. Frå 2008 er tidlegare Trygdekontoret, Aetat og sasialtenesten i kommunen organisert i det felles arbeids- og velferdskontoret NAV Kviteseid. Historisk har hovudfunksjonen til trygdekontoret vore å forvalte lov om folketrygd, andre trygdeordningar og bidragslovgjevinga på kommunenivå. Kviteseid kretssjukekasse vart oppretta i 1911 som sjølvstendig offentleg sjukekasse. I 1930 skifte kretssjukekassene namn til trygdekasse. Frå 1971 hadde kontoret namnet Kviteseid trygdekontor.
Kviteseid lensmannskontor - regionlensmannen
Kontoret har ansvar for å oppretthalde den offentlege orden og tryggleik på kommunenivå. Kontoret driv førebyggande arbeid på ulike felt. Kontoret tek del i vaktsamarbeid med fleire av nabokommunane i regionen. Kviteseid har vore lensmannsdistrikt sidan 1500-talet. Kviteseid lensmannskontor har kontorlokale ved Mylletorget. Lensmannen i Kviteseid er regionlensmann for Vest-Telemark.
Vest-Telemark Blad
Vest-Telemark Blad er lokalavis for dei seks Vest-Telemark-kommunane. Kom ut med fyrste utgåve i 1973. Avisa har størst dekning i regionen, og har et opplag på mellom 5000 og 6000 eksemplar tre gonger i veka. Vest-Telemark-kommunane er hovudaksjonærar i selskapet. Vest-Telemark Blad held til i eigne lokale i Kviteseid.
Interkommunalt landbrukskontor
Interkommunalt landbrukskontor for kommunane Kviteseid og Nissedal held til i Statens Hus i Kviteseid. Vart oppretta i 2003 som eit av fleire samarbeidstiltak mellom desse to kommunane. Det interkommunale kontoret utfører funksjonane til dei tidlegare landbrukskontora i dei to kommunane, og får tilført nye oppgåver frå staten.
Interkommunalt skatteinnkrevingskontor
Kommunane Kviteseid og Nissedal har samla skatteinnkrevingsfunksjonane i dei to kommunane i eit felles kontor i Statens Hus i Kviteseid. Det interkommunale skatteinnkrevingskontoret vart oppretta i 2003. |