Fakta om Kviteseidbyen!
Kviteseidbyen er kommunesenteret i Kviteseid kommune. Senteret har bore dette namnet sidan slutten av 1800-talet. Då grodde denne vesle byen fram. Dei nye bygga vart sett opp tett i tett rundt bryggja. Byen vart bygd opp att etter ein større bybrann i 1911, og det bymessige preget vart forsterka.
Det var den store båttrafikken på Telemarkskanalen som førte til at Kviteseidbyen voks fram.
Staden ligg sentralt i Vest-Telemark, og over Kviteseid Bryggje gjekk mykje av trafikken av folk og varer til og frå bygdene rundt Kviteseid. Meir om lokalhistorien knytt til Kviteseidbyen finn du under Lokalhistorie Kviteseidbyen.
Kviteseidbyen er i dag administrasjonssenteret i Vest-Telemark. Dei aller fleste offentlege regionale funksjonar for Vest-Telemark-regionen er samla i dette sentrale kommunesenteret.
Byen har derfor i dag mange fagmiljø innan offentleg administrasjon og tenesteyting.
Funksjonane er samla i tre lokaliseringar: Statens Hus, Kviteseid Vekst og Mylletorget.
Kviteseidbyen er eit livleg og triveleg handels- og servicesenter. Her er eit variert næringsliv innan mange ulike bransjer. Byen hyser dei gamle tradisjonsverksemder side om side med kafeane, kjedane og IKT-selskapa. Byen har dei siste åra hatt positiv utvikling og vekst. Fleire nyetableringar har kome til. Les meir om dette under Handels- og servicesenteret Kviteseidbyen og Heimesider næringsliv.
Kviteseid kommune er av dei største reiselivskommunane i Telemark. Fleire store hotell,
hyttesenter, skisenter, campinganlegg og gardsturisme gjer kommunen til vert for tusenvis av gjester kvar månad. I sommarsesongen er turisttrafikken over Kviteseid Brygget eit markert innslag i bybiletet. Idyllen i Kviteseidbyen blir lagt merke til og kommentert på mange språk!
Kviteseid kommune har lokalisert helsesenter, omsorgssenter, omsorgsbustader, dagsenter,
vaksenopplæring, bibliotek og kommunale kontorfunksjonar i Kviteseidbyen.
Kviteseidbyen er eit attraktivt buområde. Her trivast folk i leilighetane i bygardane, i dei idylliske husa ved bryggjekanten og på utsiktstomtene med panorama til fjord og fjell. Utbyggingsprosjekt er i gang og nye er under planlegging. Foketalet i byen har vore aukande gjennom mange år.
Kviteseidbyen har ei svært aktiv næringsforening. Saman med fleire aktive, lokale lag organiserar næringsforeninga kulturtiltak og aktivitetar året rundt. Foreninga fører vidare dei eldgamle markenstradisjonane. Den tradisjonsrike Kviteseidmarken i februar månad er hovudarrangement vinterstid. Victoriafestivalen i juni set sitt preg på livet i gatene kvart år.
|